Å sjå deg i auga
Av Bjørn Hatterud, 2019, til utstillingen Å sjå deg i auga, 2019.
 

Eg trur at noko av det skumlaste ein kunstnar kan gjere er det som Kine Lillestrøm og Trond Hugo Haugen har gjort i Øystese med utstillinga «Å sjå deg i auga». Dei kom som framande, til ein liten tettstad. Etter eit grundig forarbeid flytta dei til plassen for ei tid, for å arbeida kunstnarleg, som respons på plassen.

Saman har Lillestrøm og Haugen laga eit digert arbeid med utgangspunkt i korleis dei, som er utanfrå, ser Øystese. Lillestrøm med eit materialverk i rommet, Haugen med poesi og kolteikningar på tekstil. Saman forma dei desse verka til ein samla installasjon – montert i dialog med plassen rundt. På denne måten stilte dei ut arbeidet sitt for innbyggarane sitt blikk. Eg kan knapt tenkje meg eit betre døme på å legge hovudet lagleg til for hogg.

I Lillestrøms forarbeid plukka ho opp materialar frå ein byggeplass i bygda. Dette er overskotsmaterial frå eit omstridt nytt svømmeanlegg. Eit svømmeanlegg som vennleg innstilte røyster seier vil gje trim, kjensle av å tilhøyra og pengar frå tilreisande, men som kritikarar er redd vil lage underskot for kommunen.

Medan Lillestrøm plukka materialar, observerte Haugen tettstaden sine materielle minne etter tidleg industri og mytologiane som er blitt til rundt ein plass bygd opp gjennom handverk i generasjonar. Desse historiene såg han i kontrast til eit samtidig Øystese kor visjonar om framtida kan vere vanskeligare å få auge på enn forteljingar om fortida – kor ei kollektiv mellommenneskelig røynsle av å høyre til eit fellesskap, er erstatta av å køyre rundt på kvar sin ATV.

Det samla verket til Lillestrøm og Haugen er ein dialog mellom to kunstnarar, men òg i dialog med eit landskap utanfor vindauga på Kabuso. Installasjonen gjev oss kunstnarane sitt blikk på landskapa, plassen og historia. Landskapa kan ein sjå i Lillestrøm sine konstruksjonar. Historia kan ein sjå i Haugen sine teikningar.

Ein plass som Øystese vil alltid stå i eit spenn mellom naturen og landskapa, og menneska sine inngrep i desse gjennom tida. Bygder og tettstader har historisk sett oppstått som eit resultat av naturen og landskapa, men like gjerne i strid med desse. Ein har måtta bruke dei materielle godane som naturen og landskapa har gjeve, ein måtte dyrke i jorda, fiske i vatna, gjete i utmarka og bygge av det ein fann. Alle små plassar grodde fram som eit resultat av det naturen og landskapet rundt baud på.

Samstundes er det moderne like mykje grodd fram i strid med naturen. Plassar som Øystese kom som forsøk på å komme seg unna veret, vinden, vinteren og vonde tider. Kvar ein liten plass har ei historie og eit sett av mytologiar som tek for seg nettopp dette – korleis plassen grodde fram på trass av det som naturen og landskapa gav. Forteljingar om korleis det vart starta små fabrikkar, butikkar, korleis planar vart lagde og gjennomførde. Gjennom mytar om korleis tinga endra seg, vert identiteten om staden til.

I lokalhistoria om framveksten av plassar, blir nokre sterke sjeler og modige menn (det er diverre oftast mest menn som får æra) skrivne inn som dei som dreiv fram det moderne. Dei som lagde plassen. Ein kan òg lese om materielle nyvinningar, som fyrste fabrikken, den fyrste skulen eller den fyrste asfalten. Paradokset er at slike forteljingar nokre gonger kan verke konserverande, dei kan låse fast identiteten til plassen i noko som har vore før. Ein kan finne identiteten i det som allereie er gjort, ikkje i det som kan bli gjort på plassen i framtida.

Reis til eit bygdemuseum kor som helst i Noreg og du vil sjå at dei ofte gjer dei same museale grepa. Ein får utstillingar og bygdetun som handlar om ei slags diffus fortid som har vore på denne staden – kor gjenstandar og historier miksast saman, til ei forteljing om fortida som låg mellom steinalderen og krigen ein gong. Om kvarandre. Kanskje med plass for etterkrigstidas fyrste bilar, vaskemaskin eller radiokabinett. Ein får ei kjensle av at ein er kome til ein plass kor det skjedde mykje ein gong i tida, men at no er utviklinga jaggu meg slutt. Øystese er sånn sett eit unntak, for dei er så heldige at dei har kunsthuset Kabuso som motvekt.

Kabuso er som eit slags laboratorium kor kunstnarar utanfrå får vise fram samtidskunstverk som pekar moglege vegar framover. Kunstnarar som skapar noko nytt, midt på ein gammal plass. Samtidskunst er ikkje alltid like lett å forstå, og det skal han heller ikkje vere. Noko av gleda med ny kunst er at ein i denne kan sjå tinga, motiva, temaa, materiala og forteljingar på så nye og uventa måtar at ein må klø seg litt i auga for å ta inn det ein ser.

Den beste samtidskunsten er da òg den som tek tak i noko i tida han blir laga, men trekk linjene på tvers av tida – og plassen han blir laga i. Kor blikket og tankane blir forvirra, samstundes som ein ser noko ein kjenner att. Kor det ligg lag av meining som ein kan more seg med å plukke frå kvarandre, eller reflektere over medan ein tar det inn. Samtidskunsten er slik sett den rake motsetnaden til lokalhistoriske mytologiar. I kunsten bryt ein i fillar rammeverket som passert tid og fastlagt plass gjer, ein kastar om på verda – slik at ein kan sjå han på nytt – med nye auge.

Å sjå ting med nytt blikk er alltid lettast om ein aldri har sett tingen før, det seier seg sjølv. Det vante er vanskeleg å sjå med nytt blikk, det fordrar at ein aktivt prøver. Prøv å sjå verda som eit barn ein dag, tenk deg at alt du ser rundt deg er i auga dine for fyrste gongen. Du har ikkje omgrep eller ord for det du ser, du kjenner ikkje verdien, bruksområdet eller tinga si tyngde i handa. Tinga er heilt nye for deg. Dette er ei sterk øving for å trene blikket. Småbarnsforeldre er heldige, dei kan få dette gratis.

For det er ikkje enkelt å klare å sjå vante ting på nytt. Det er mykje difor mange av oss reiser, for å sjå verda med nytt blikk. Vi reiser gjerne til nye plassar kor vi ikkje allereie har kartlagt alt det vi ser, kor noko opplevast som nytt. Om du kjem heim frå ei lengre reise får du kanskje same oppleving i det du møter heimplassen din – var det no slik han var?

Det vi ser heile tida blir vi på ein måte blinde for. Mange er dei vonde songane om dei som aldri såg skjønnheita i partnaren sin før han, ho eller hen forsvann. Det som er nærast for oss er òg det vi lettast overser. Dei vante tinga, mytologiane vi kjenner frå før, namna vi har gjeve tinga og bruksområda vi knyter dei til – blir etter kvart så vante at vi ikkje lenger ser dei.

Samstundes er det jo òg litt komfortabelt å sjå verda med det vante blikket. Ein kan finne ro med verda og tinga rundt seg, når ting ser ut som det pleier. For mange av oss kan det å få beskjed frå nokon om at vi har sett på ting på feil måte vere djupt provoserande. Å få ny innsikt kan gje smerte og ei midlertidig kjensle av å miste taket i noko som er kjend. Å få vete noko nytt og uventa om folk, ein ting eller ei oppleving kan gje motstand, sorg eller til og med sinne.

La meg gje deg eit konkret døme. For tida ser eg på ein TV-serie frå Danmark, kor folk kjem med ting dei eig til ekspertar på kunst, samlarobjekt og antikvitetar. Ofte har dei med seg gjenstandar dei har levd med eit heilt liv, nokre gonger er tingen arvegods, eigd av tredje generasjon. Gjennom år er mytologiar vove rundt gjenstanden, minne og spekulasjonar om kor gjenstanden kjem frå, materiala sin kvalitet, produksjonstida, kva tingen har vore brukt til og om det finst nokon økonomisk verdi i han. Ofte blir folka overraska, glasa som mormor sa var fleire hundre år gamle var berre nokre tiår. Smykke i sølv var ikkje av sølv likevel. Maleri som skulle redde pensjonen var ei forfalsking. Vasen dei ikkje fekk leike med som born, fordi han var så dyr viste seg å vere verdilaus. Det stygge fatet på veggen, som hadde vore minutt frå å hamne i bosset, viste seg å vere laga av Picasso.

Eigaren av gjenstanden får med eitt eit slags tvisyn, for å bruke eit omgrep frå Vinje. Dei har framleis med seg tankane og minna om gjenstanden som var der frå før. Samstundes får dei eit heilt nytt blikk på gjenstanden som kan krasje solid med det dei før assosierte med gjenstanden. Det som hadde vore ræl blir plutselig tatt på med silkehanskar, det som var det finaste av pynten i vitrineskåpet har vorte redusert til ein økonomisk skuffelse. Nokre gongar gjer det vondt å sjå programmet, fordi det nye blikket på tingen rotar til identitetar knytte til gjenstanden. Barndommens glans blir matt, bestemors kunnskap var dårleg, ein ting var ikkje lenger det ein trudde og livet endrar seg litt.

Ibsen er kjend for å ha prata om verdien av ei livsløgn, at om ein tek frå folk ei livsløgn, tek ein livsgleda frå folk. Eg meiner at Ibsen er litt vel kategorisk i konklusjonen sin. Å gje eit nytt blikk til noko er ikkje å avkle livsløgn, om ein så midlertidig kan oppleve det slik. Tvisyn er livsviktig, og noko ein kan trene opp. Evna til å samstundes klare å sjå ein ting, eit fenomen, ein person eller ei tid på ulikt vis er ei øving i innleving. Gjennom å få eit alternativt syn – treng ein ikkje kaste over bord det ein pleidde sjå. Ein kan skifte mellom blikka, det gamle og det nye. Tingen ein ser er den same, men ein kan sjå han på ulikt vis. Gjennom å invitere andre til å dele sine blikk, lærar ein samstundes synsvinkelen til andre folk å kjenne. Å sjå slik andre gjer det, er viktig.

Når du inviterer til å oppleve andre sin måte å sjå noko kjend på, kan du lettare forstå korleis andre folk tenkjer og ser verda. Vi lever i ei tid kor kommentarfelt og Facebook er fulle av sterke meiningar og sinne. Mange der ute er så til dei gradar engasjert for eller mot ting. Mange blir lett støytt eller krenka, ofte på andre folk sine vegne, utan å ta omsyn til avsendaren sin intensjon. Andre kan opptre som dei reinaste troll, og bevisst støyte og såre, eller skjære folk dei ikkje kjenner over ein kam. Alt dette vitnar om manglande evne til å sjå verda og tinga på andre måtar enn det dei sjølv er vane med.

Å ikkje prøve å sjå verda og tinga frå ein annan person sin vinkel, er å ikkje ønske å forstå korleis personen tenkjer eller føler. Om du verkeleg skal forstå eit menneske må du prøve å sjå verda litt som den personen gjer, sjølv om dette kan gje ubehag. Det er ikkje nødvendigvis slik at den andre personen ser verda meir riktig enn det du sjølv gjer, men du vil forstå korleis den andre personen ser verda. Det blir lettare å prate saman med folk, når ein skjøner korleis den andre personen ser verda. Det er lettare å unngå konfliktar, lettare å samarbeide og akseptere den andre. Du kan sjølvsagt framleis finne den andre personen sitt blikk på verda framand eller feilaktig. Men no som du forstår den andre sin synsvinkel kan du lettare nærme deg personen, de kan lettare prate saman om det de ser.

Å tørre å sjå verda med den andre sitt blikk, er samstundes å tørre å møte blikket til den andre personen. Den norske idéhistorikaren Guttorm Fløistad er kjend for å ha snakka om «det møtande blikket sin etikk». Det han meinte med det var at ein person du klarar å sjå i auga, er ein du ikkje lenger kan gjere vondt. For å klare å sjå nokon i auga må du tørre å vere sårbar, du må vere open for å sjå verda slik den andre gjer. Om blikket blir verande i kvarandre, slik at du faktisk ser den andre i auga, så betyr det ein aksept for blikket til den du ser inn i. Du treng ikkje vere einig i korleis det blikket ser verda, men du anerkjenner at eigaren av auga har rett til å sjå verda – slik hen vil.

Eg nemnde i innleiinga at eg synast at Haugen og Lillestrøm er modige som viser sin måte å sjå Øystese på, i Øystese. Det kan godt vere at dei som er vande til å sjå Øystese tenkjer at denne kunsten viser no ikkje Øystese slik plassen eigentleg er. Samstundes er det ikkje sikkert at eit vant blikk ser bygda noko meir klart enn det Lillestrøm og Haugen gjer. Dei kom trass alt utanfrå og såg plassen for fyrste gongen. Det dei tilbyr er eit anna blikk.

Det er slett ikkje sikkert at Lillestrøm og Haugen har eit rettare blikk enn det som folk som bur på plassen har frå før. Men å sjå plassen slik på to måtar samstundes, er ei øving i tvisyn.

Det er i seg sjølv noko med djup verdi.

Bjørn Hatterud
Desember 2019



Bjørn Hatterud (født 1977) er kunstkritiker, kulturskribent, kurator og forfatter av boken Mot Normalt (Samlaget, 2019). Som musiker er han utgitt under navnet Maskinanlegg og blant annet som del av Norwegian Noise Orchestra. Gav i 2011 ut musikk under eget navn sammen med Conrad Schnitzler. Hatterud er fast spaltist i fagtidsskriftet Billedkunst.

Last ned teksten som PDF
.






Fra utstillingen Å sjå deg i auga (parole) 2019 sammen med Kine Lillestrøm.
Kunsthuset Kabuso, 28. SEPT 2019 - 5. JAN 2020
Foto: Pål Hoff



All content © Trond Hugo Haugen BONO 1998-2020